Fokusskule
Sidan det vart oppretta mottakssenter i Førde på byrjinga av 90-talet, har Førde barneskule vore mottaksskule for elevar som har kome til senteret. Skulen har såleis lang røynsle i å tilrettelegge undervisning for tospråklege elevar.

I ein slik situasjon har Førde barneskule blitt fokusskule for NAFO (Nasjonalt senter for Fleirkulturell Opplæring) Det er utdanningsavdelinga hjå fylkesmannen som har peika ut skulen til dette.  I det ligg at leiinga og personalet legg vekt på kompetanse- og nettverksbygging, tek utfordringa i å skape ein fleirkulturell skule på alvor og ynskjer å vere eit godt døme på ein skule med ein slik eigenart.

 

Eit mangfald av nasjonalitetar er representert på skulen.

 

Skulen sitt pedagogiske personale trur at å vekse opp i eit fleirkulturelt skulemiljø vil tilføre alle elevar røynsler, haldningar og verdiar som seinare kjem dei til gode i samhandling i vaksenlivet.

Mottaksklassen ved skulen legg vekt på :
• munnleg og skriftleg språkutvikling
• samhandling med andre, lytte og tale, lese og skrive
• førebygge rasisme og diskriminering
• identitetskaping
• gradvis integrering i aldersnær klasse
• inkludering bygt på likeverd