FBSK er med/har intensjon om å vere med i fylgjande:

1. Som alle Førdeskulane er vi med i kommunen si satsing innan "kunnskapsløftet".    

    Det er satsa på konsulentfirmaet "Ringer i vann" som er drivande kraft i denne            samanhengen.

2. Vi ynskjer å ta del i Socrates / Comenius med eit prosjekt som gjeld idrett og kultur.

3. Vi er Fokus-skule for fylkeskommunen i samanheng med fleirkulturell forståing

 

1. "RINGER  I  VANN"

   

    "RIV" gir skulen verktøy til å køyre prosessar i kollegiet (og i elevgruppene) på ein 

    tidsparande og SMART måte. (jf. SMART-mål)  Det er lagt opp til eit fleirårig løp

    der personalet og leiinga får opplæring og evt. oppfylgjing.  Kvar skule i Førde har

    pilotar som får særskild utdanning for å kunne leie beslutningsprosessane ved

    skulane.

    "RIV" baserer seg på kva dei beste skulane i Europa gjer for å lukkast.  Det finst

    mange felles element og suksessfaktorar i dette, og det er med utgangspunkt i

    desse vi skal lukkast også i Førde.

    Dene satsinga har vore i gong sidan hausten 2004.  

 

2. SOCRATES / COMENIUS

    Dette er eit prosjekt der ein skal samarbeide med minst 2 andre skular frå

    forskjellige europeisk land.  Førde Barneskule og Sunde Oppvekstsenter vart

    kontakta av ein polsk skule (Lebork).  Vi har hatt besøk frå denne skulen her i Førde

    og vi vil truleg besøke Polen snart med eit par lærarar.  Ein får midlar gjennom den

    norske administrasjonen av slike prosjekt, som delvis dekkjer utgiftene.

    I skrivande stund har både vi og skulen i Lebork kontakt med ein skule i London, som

    truleg blir med på eit prosjekt saman med oss.  Vi vil då tilfredsstille krav for å kome

    med i eit slikt internasjonalt samarbeid.

   

    Vi ynskjer at utgangspunktet for samarbeidet blir innan kultur og idrett.  Vi, for vår del,

    kjem til å tufte dette på vår lokale kulturelle plan for skulen (Den kulturelle skule-

    sekken)

 

3.  FOKUSSKULE

    Skulen vår vart vald av fylket avdi vi hadde ein høg prosent framandspråklege på det

     tidspunktet fylket gjekk igong med prosjektet.  I tillegg til at vi representerer grunn-

    skule har Førde kommune og barnehagerepresentasjonen med ein Fokusbarnehage

    Den vidaregåande skulen i Florø og frå representantar for Gloppen opplæringssenter

    er også med.  Vi som er med i prosjektet blir premissleverandørar.  Høgskulen i

    Sogndal skal utviklast til eit senter for kompetanse på sikt.  Dei tek frå hausten til

    med utdanningstilbod innan dette området.

    Vi har i den perioden vi har vore med, laga ein plan for opplæring av framand-

    språklege, og oppretta heimeside som var ein av dei tinga vi var forplikta på.

    Som medlemmar i eit nettverk har vi kunne fått fagleg påfyll og litt pengar til

    hospitering / kurs.

   

    Framover vert det å knytte morsmålslærarane tettare til skulen og å forsøke å få til

    faste kulturelle innslag frå forskjellige kantar av verda, til varierande tider, fastsett på

    årshjulet.  Dette blir automatisk ein del av vå "kulturelle skulesekk"

    Inneverande skuleår vil vi prøve å ta del i ein konferanse i Tromsø, som omhandlar

    opplæring av framandspråklege elevar.