| For at alle skal ha det triveleg og trygt, har skulen vedteke desse reglane for alle elevane: |
Skulevegen
- Du har rett til å gå trygt til og frå skulen. Ingen må true eller plage andre. Du bør seie ifrå dersom du ser at nokon ikkje har det bra på skulevegen.
- Du kan sykle til og frå skulen frå 5.klasse dersom foreldra dine er samde i dette. Sykkelen set du på avtalt plass. Du må bruke sykkelhjelm.
|
|
På skulen – i friminutta
- Du svarar andre på ein pen måte, og er hyggeleg mot andre, både born og vaksne. Du skal ikkje kalle eller banne.
- Du møter i rett tid til alle timar.
- Du har rett til arbeidsro i timane.
- Du er ute i friminutta. Du skal ikkje springe eller bråke i korridorane.
- I skuletida er du på skulen sitt område.
- Når du leikar ute må ikkje leiken vere valdeleg, slik at du skremmer eller skader andre elevar. Snøball kan du berre kaste mot oppsette blinkar. Rullebrett, rulleskøyter og sparkesykkel kan du ikkje bruke i skuletida.
- Ballbanene og akebakken kan du bruke etter oppsette lister.
|
|
Orden
- Alle har ansvar for at undervisningsromma er ryddige. Uteområdet held vi i orden etter oppsett plan.
- Du må ta godt vare på bøker og utstyr du får på skulen.
- Du er sjølv ansvarleg for verdisaker du tek med deg på skulen.
- For at du skal ha det triveleg rundt deg, må du stelle fint med skulen din, innbuet og alt materiell. Du må verne om plantar og grøntareal.
- Snop brukar du berre ved spesielle høve, og etter avtale med læraren.
- Det er forbode å røykje og bruke rusmiddel på skulen.
|
|
Om du bryt reglane
• Blir du notert opp
• Må du stå til ansvar for det du har gjort
• Må du erstatte ting som vert øydelagde |
Ved alvorleg brot på reglane kan rektor, etter å ha samrådd seg med klassestyraren din, vise deg bort frå skulen i inntil tre dagar. Du har rett til å forklare deg før dette blir gjort. |