|
Referat frå
møte i FAU ved FBSK
Tid: Torsdag 15.12.05, kl. 1830
Stad: Personalrommet på skulen
Tilstades repr. Frå Norskgruppa,1B,2B,3A,3B,4A,4B,5A,5B,6A,6B,7A
og 7B.
Sak: 12/05: Val av leiar og nestleiar i FAU:
Leiar: Marcin A. Fojcik
Nestleiar: Nils A. Haukeland
Leiar og nestleiar møter i samarbeidsutvalet.
I tillegg vart desse valde som foreldrerepresentantar når samarbeidsutvalet
fungerer som miljøutval: Svein Haugum Eriksen og Anne Magerøy.
Sak 13/05: FAU har ansvaret for foreldrearrangement i grunnskuleveka.
Det vert peika ut arrangementskomité på neste møte
i FAU.
Sak 14/05: Rektor orienterte om byggsaka ved skulen. Foreldra minte om
at våtromsarealet i tilknyting til gymsal/festsal var heilt naudsynt
å få med.
Rektor skal syte for at dei siste teikningane kjem inn på skulen
si heimeside og, om dette ikkje er mogleg, at FAU får utsendt teikningane.
Sak 15/05: Rektor orienterte om nye reglar for samansetjing av skulen
sitt samarbeidsutval.
Foreldre/elev-fleirtal og om § 9a som gjeld elevane sitt arbeidsmiljø.
Utsendt sakspapir bør leggjast i permen til foreldrerepresentantane.
Ymse:
- Orientering om resultat ved nasjonale prøver
- Påminning om ansvar for 17.mai arrangegement
- Begge dei valde foreldrekontaktane skal ha utdelt foreldrekontaktpermen
Med helsing
Åsmund Rakke
-rektor-
SAKER
Sak 1/05: Skuleruta 2005/2006. Vedlagd
Sak 2/05: Om brukarundersøkinga, elevinspektørane og kartleggingsprøvane.
Resultat for skulen. Rektor orienterer på møtet.
Sak 3/05: Grunnskuleveka, komite. Nedsette komite.
Sak 4/05: 17.mai 2005. (Jubileumsår)
Sak 5/05: Ymse
Om du ikkje kan møte me du kalle inn varareprepresentanten.
Åsmund Rakke
-rektor-
Fxrde, 31.01.05
Referat fre møte i arbeidsutvalet
Tid: Torsdag 27.01.05, kl.1830
Stad: Personalrommet på skulen.
Tilstades repr. fre: SFO, 1a,,2a,2b,3a,3b,4a,4b,5a,5b,6a,6b og 7b
SAKER
Sak 1/05: Skuleruta 2005/2006. Ikkje merknader
Sak 2/05: Om brukarundersøkinga, elevinspektørane og kartleggingsprøvane.
Resultat for skulen. Rektor orienterte.
Brukarundersøkinga: Skulen hadde derleg resultat på fysiske
tilhøve.
Totalresultatet var over landsgjennomsnittet. Rektor ser
fram til betre tider. 17 mill. er sett av til oppbygging og rehabilitering
av skulen.
Oppstart august 2005.
Elevinspektørane: Her ligg skulen på landsgjennomsnittet.
Det er områder for
betring i materialet.
Nasjonale prøver: Skulen er klart best i Førde og bland
dei beste i fylket i lesing.
I matematikk var det ein skule som var betre i Førde, FBSK kom
eit poeng bak.
Sak 3/05: Grunnskuleveka, komite. Nedsette komite.
Saka vart utsett til det føreligg tema.
Sak 4/05: 17.mai 2005. (Jubileumsår)
Rektor minte om at 5-trinnet sine representantar har hovudansvaret for
planlegginga av komande 17. mai.
Sak 5/05: Ymse: Ikkje saker
Asmund Rakke
-rektor-
***********************
Førde, 29.10.04
Referat frå møte i arbeidsutvalet
Tid: Torsdag 28.10.04, kl.1830
Stad: Personalrommet på skulen.
Tilstades repr. frå: SFO, 1a,1b,2a,2b,3a,3b,4a,4b,5a,5b,6a,6b,7a
og 7b
Sak 15/04: KONSTITUERING:
Leiar: Inger Seljeseth
Nestleiar: Maria Ljungløf
Sak 16/04: Disponering avFAU sine midlar
Vedtak: Ein kan bruke inntil kr. 20 000,- av FAU-midlane til brystningspanel
og endring til gradert belysning i festsalen.
Sak 17/04: Grunnskuleveka:
Rektor orienterte kort om veke 45, grunnskuleveka.
Vedtak: Årshjulet til FAU vart teke opp og det vart fastsett at
det skal vere møte i FAU i april som tek opp komande grunnskuleveke.
(Nytt årshjul er lagt ved referatet.)
Sak 18/04: Om budsjettet 2005: Rektor orienterte om budsjettsituasjonen
2005.Rektor meiner det er grunn til å tru at ein innan både
skule og SFO vil kome rimeleg bra ut i 2005.
Sak 19/04:Ymse
? Rektor orienterte om nasjonale prøvar, elevinspektørane
og brukarundersøkingar som tilbakemeldingssystem for skuledrifta.
Rektor trekte fram gode resultat i arbeidet mot mobbing.
? FAU står samla bak ynskjet om at elevane må få gå
på skule heile dagen etter dei har vore på tur. Elevane har
ikkje trong for avspasering etter ein sein ettermiddag. Rektor vil ta
opp saka med sikte på å komme FAU i møte i denne saka.
? Uttale frå FAU om SFO og uttale frå FAU om trafikktilhøva
i Elstervegen. (Lagt ved)
Åsmund Rakke
-rektor-
FAU
FØRDE BARNESKULE
Til skulejefen
UTTALE OM SFO VED FØRDE BARNESKULE:
(Vedlegg til møtebok for FAU 28/10-04)
FAU er ikkje nøgd med prisnivået på tenestane ved SFO
på Førde barneskule.
Foreldra opplever at det pedagogiske tilbodet har vorte dårlegare
samstundes med at det har vore ein markert auke i pris. Dette finn ein
er ein urimeleg utvikling.
Ein vil be om at skulesjefen justerar prisane etter tilbodet.
Med von om snarleg positiv utvikling.
Med vennleg helsing
FAU ved Førde barneskule
Inger Seljeseth Maria Ljungløf
FAU
FØRDE BARNESKULE
Til skulejefen
UTTALE OM TRAFIKKTILHØVA VED FØRDE BARNESKULE:
(Vedlegg til møtebok for FAU 28/10-04)
Det har over tid vore ei auke i trafikken i Elstervegen ved skulen.
Trafikken har no fått så store dimensjonar at FAU ber om at
det vert plassert fartsdumpar i denne vegen.
Inger Seljeseth
|