Skulen ligg i sentrum av Førde by.
Ein vakker haustdag i oktober skin sola enno på skulebygningane
medan elevane har storefri. Snart vert ho borte til februar månad.
Lyden av leikande born i blanding med eit pulserande sentrumsliv kan
ein høyre heilt til toppen av Hafstadfjellet.
Skulen er ein barneskule med om lag 250 elevar
fordelt på 14 klassar. Det er til vanleg to klassar på kvart
årssteg. Elevane kjem frå Kvieneset på nordsida av Førdefjorden
i vest til området Presteholten i aust. I tillegg finn ein elevar
frå sentrum sør og Bruland. Skulen tek imot born frå
mottakssenteret på Bergum. 12 ulike nasjonar er representerte ved
skulen, og om lag 20 % av elevane har framandspråkleg bakgrunn. Med
mottaks-klasse og integrering av born frå mottakssenteret har skulen
eit sterkt fleirkulturelt preg. Skulen er med på satsing for å
møte utfordringar med tanke på migrasjons-pedagogikk og for
å hauste frukter av det fargerike fellesskap ein har ved skulen. Skulen
har morsmålsundervisning for tospråklege elevar og eiga skulefritidsordning.
Skjerma frå det travle sentrum
ligg skulen plassert i ein eldre og roleg del av Førde.
Hovudinngang frå Elstervegen.
Mellom skulebygningane er eit stort område med god plass til aktivitetar.
Førde barneskule ligg på nordsida
av elva, nær kyrkja, i ein del av Førde som har gammal busetnad.
Den eldste bygningen vart såleis 110 år og hadde ei lang historie.
Skulen har nettopp fått nytt tilbygg til kontor og arbeidsrom, og
står no fram for ein ny anleggsperiode etter at gamleskulen vart brannherja
i november 2003.
Berre steinkast frå skulen ligg fleire større kultur-institusjonar og bygg med service-funksjonar som ein kan spele på lag med: