Merkeår i denne historia er: |
| |
1894 – Ein ny ein-etasjes bygning vert den første Førdeskulen.
Avløyser den gamle tingstova i Sjøahola. |
| |
1921 – Påbygging av skulen til den form den hadde heilt til brannen i november 2003.
Plass til elevane i Førde skulekrins med mellomskule, framhaldsskule
og arbeidsskule i kjellaren. |
| |
1960 – Realskulebygget med fullverdig gymnastikksal står ferdig.
Utviding av skuletida.
Elevtal og klassetal aukar og ein må leige plass i bedehuset, gamlebanken og husmor-skulen. |
| |
1966 – Tek i bruk ny barneskulefløy med 7 nye klasserom.
Plassproblema var likevel ikkje løyst sidan realskulen heldt
til i dei same bygningane. |
| |
| 1971 – Ein nybygd
Førde ungdomsskule lettar litt av plassproblema, men tilhald
for gymnas i bygningane verkar motsett. |
| |
1974 – Ny barneskule på Halbrend og flytting av gymnaset betrar tilhøva ei tid.
Eit år når elevtalet 507. |
| |
| 1994 – Betre plass når Slåtten skule står ferdig. |
| |
| 2003 – Nye lærar-
og møterom gjer arbeidssituasjonen for lærarane langt
betre. To nye klasserom vart tekne i bruk. |
| |
| 2003 - Gamleskulen brenn og nye romløysingar tvingar seg fram. |
| |
| 2004 - Det vert vedteke
å byggje ein ny skule. |
| |
| Ein ettermiddag i november som elevar og tilsette på skulen seint vil gløyme. |
|
| |
| I ly av store bøketre dukkar skulen fram. Mange Førdefolk har trødd sine barnesko i og mellom skulebygningane. |
|
| |